Wednesday, March 18, 2026
Home Europe & RussiaVG-journalist som nekta å forklare seg i retten får bot – Siste nytt – NRK

VG-journalist som nekta å forklare seg i retten får bot – Siste nytt – NRK

by admin7
0 comments


VG-journalist Bjørn Haugan har fått ei bot på 60.000 kroner etter at han nekta å forklare seg i saka mot den korrupsjonstiltalte Stein Lier-Hansen, melder Rett24.

Haugan var kalla inn som vitne for å forklare seg om 147 restaurant- og barbesøk.

Målet er å få avklart i når journalisten faktisk var til stades, slik at ein kunne få kartlagt i kva grad Lier-Hansen triksa med rekningane.

Men Haugan viste til kjeldevernet til pressa, og nekta å forklare seg i retten.

Både tingretten, lagmannsretten eller Høgsterett har avvist at opplysningane er dekt av kjeldevernet.

VG har opplyst at dei vil betale bota til Haugan, skriv Rett24.



Source link

You may also like

Leave a Comment