1
Brannvesenet melder om ein lyngbrann ute av kontroll i Fjord kommune på Sunnmøre.
Brannvesenet er framme på staden.
– Mannskap frå Stordal brannstasjon kom først til staden og starta slekking av brann som var nært bustadhus. Flammane var fem meter unna huset fortel brannmeister Jon Rune Lillebø.
Han fortel at det er rundt 5-6 mål som er brent av. Og det har tatt fyr i ein granskog bak innmarka som brann først.
– Vi veit ikkje kva som er årsaka til at det begynte å brenne, seier brannmeisteren.
Han seier det per no ikkje er andre hus som er trua.